Korleis lukkast med oppstart i nytt kufjøs?
Kvifor lukkast nokon betre enn andre når dei flyttar inn i nytt fjøs og aukar mjølkekvoten? Gjennom prosjektet økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon har vi samla ein del gode råd som kan hjelpe for å få ein god start.
Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling
Tine Rådgjeving
Torfinn.Narland@tine.no
Gjennomsnittleg auke i kvote for 27 av prosjektbruka som bygde nytt fjøs var 79 prosent, frå 216 000 liter til 386 000 liter, sjå tabell 1. Auken skjedde i perioden frå ett år før bygging til tre år etter bygging. I desse åra skjer det mykje på garden, og det er viktig å halde fokus på og å lukkast med produksjonen. To viktige faktorar for å få ein god økonomi er høg kvotefylling og låg utrangering av kyr.
Kvotestorleik, liter i år 3 |
Tal bruk |
Snitt kvote |
Prosent endring |
|
---|---|---|---|---|
År 1 |
År 3 |
|||
150 - 250 000 |
4 |
135 552 |
206 511 |
52 |
250 – 350 000 |
6 |
193 309 |
310 820 |
61 |
350 – 450 000 |
11 |
223 243 |
401 800 |
80 |
Over 450 000 |
6 |
279 285 |
551 172 |
97 |
Sum/snitt |
27 |
216 054 |
385 844 |
79 |
Kvotefylling
Frå før veit vi at kvotefylling er viktig for god lønsemd. Undersøkinga vår syner at kvotefyllinga er avhengig av kilo mjølk per årsku, tal årskyr, om bonden har høg eller låg eigeninnsats i byggjeperioden, og individuelle skilnader mellom bønder.
Når kvoten aukar er det viktig å få opp både avdråtten og tal kyr, og begge deler er om lag like viktige. Fleire brukarar slit med å få til avdråttsauken. Dessverre manglar vi tal for planlagd avdrått i driftsplan på utbyggingsbruka, men det er grunn til å tru at denne er høg for å produsere mest mogleg liter i det nye fjøset. Når ein fjerdedel av bruka har avdrått mellom 6 013 og 7 375 kilo i år to etter utbygginga, er det grunn til å tru at dei gjerne skulle sett dette talet høgare. I den andre enden av skalaen har ein fjerdedel av bruka klart å oppnå ein avdrått mellom 8 444 og 10 937 kilo i år to.
Undersøkinga viser at for stor eigeninnsats i byggearbeidet kan gå ut over drifta. Dersom bonden meiner han/ho har hatt for stor eigeninnsats i byggjeperioden, vert kvotefyllinga i middel 3-4 prosent lågare per år etter utbygging jamført med om bonden meiner eigeninnsatsen var grei. Til slutt kjem den individuelle variasjonen mellom bønder som fort kan kome opp i fem prosent variasjon i kvotefylling per år.
Resultata viser òg at bruk med store kvotar ikkje klarer å fylle like stor del av kvoten som dei mindre bruka. Som vi ser av tabell 2 tek det fire år før bruka i den største kvotegruppa kjem opp på nivå med dei andre gruppene. Om vi til dømes ser på år to etter utbygging, har ein fjerdedel av bruka ei kvotefylling mellom 75 og 90 prosent. I motsett ende av skalaen har ein fjerdedel av bruka ei middel kvotefylling på 101 prosent eller høgare i år to. Analysane våre syner at for bruk med store kvotar er det særleg viktig å få opp avdråtten pr. ku.
Kvotestorleik/År |
1 |
2 |
3 |
4 |
---|---|---|---|---|
150 – 250 000 liter |
94,5 |
99,2 |
103,0 |
95,5 |
250 – 350 000 liter |
96,2 |
97,3 |
97,7 |
98,9 |
350 – 450 000 liter |
94,5 |
95,3 |
101,0 |
97,3 |
Over 450 000 liter |
92,1 |
89,1 |
88,5 |
96,4 |
Utrangering av kyr
Middel utrangering av kyr i norske buskapar var 43 prosent i 2014. Dette middelet er for buskapar i normal drift som har plass til og ofte tradisjon for å sette på mange nye kviger. For å fylle kvoten i innflyttingsåret i nytt fjøs må ein ofte kjøpe inn kyr eller kalveklare kviger. Eller ein kan sette på ekstra mykje kvigekalvar i åra før innflytting, som kalvar etter innflytting. Men mange bruk har stor utrangering nettopp i innflyttingsåret, og slit difor med å fylle kvoten. Analysane våre viser at utrangeringa er høgare i innflyttingsåret enn i år to og tre etter utbygging. Middel utrangeringsprosent i innflyttingsåret er heile 60 prosent. Ein fjerdedel av bruka utrangerer meir enn 69 prosent av kyrne, noko som tyder på store problem med overgangen til nytt miljø og nye rutinar. Innflyttingsåret er såleis eit kritisk år som vi må bli meir opptekne av framover.
Erfaringar og råd ved start i nytt fjøs
I undersøkinga svara 45 prosent av brukarane at dei hadde opplevd ulike former for problem og svikt i produksjonen i innflyttingsperioden. Omfanget varierte frå å slakte kyr som ikkje passa i roboten og måtte halde kyrne lenger i produksjon enn ønska for å fylle kvoten, til svikt i mjølkevolumet og kyr som fekk helseproblem ved innflytting. Ein tredel av brukarane hadde ikkje opplevd problem, medan 22 prosent ikkje svara.
Vi spurde prosjektbrukarane kva praktiske tiltak dei hadde gjort for å unngå problem ved innflytting og drift av nytt fjøs i endringsfasen. Vidare spurde vi kva dei ville ha gjort annleis, dersom dei skulle gjennomført endringa på ny. Svara har gitt ei liste med gode råd og erfaringar frå brukarane (sjå tabell 3 og 4 på neste side). I planleggingsfasen må ein legge vekt på å få ein god og stor nok buskap. I sjølve endringsfasen er det mange ulike tiltak ein bør gjere.
Gjennom prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs. Dei nye fjøsa er teke i bruk i perioden 2008-2011, dette har gitt tre heile driftsår i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga. Gardbrukarane sine råd og erfaringar med å gjennomføre nytt fjøsprosjekt , og rapport frå undersøkinga, finnes på medlem.tine.no/fag/driftsledelse. Tine Rådgiving har vore prosjekteigar, med deltaking av Klepp Rekneskapslag og bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane.
Avlsplan |
Dersom du skal bygge robotfjøs bør du snarast, og helst fleire år før bygging, starte med avlsplan for kyr tilpassa robot |
Planlegg buskaps-auken |
Planlegg korleis du skal få nok kviger og kyr til å fylle kvoten når du flytter inn i fjøset. Her er nokre forslag: • Skal du kjøpe dyr til innflyttinga, bør du kjøpe kviger som du kan lære opp og som kalvar i fjøset. Dette er mindre arbeidskrevjande enn å lære opp mjølkande kyr som er vant til andre fjøs og driftsmåtar. • Mange har dårlege erfaringar med å kjøpe kyr frå båsfjøs. Mange av desse kyrne slit med å tilpasse seg lausdrift- og robotfjøs • Avtal kjøp av kalveferdige kviger som vert levert når du skal flytte inn i fjøset • Satsar du påå auke kutalet med eigen rekruttering eller å oppdrette kvigene sjølv, bør du vurdere: - bruk av kjønnsseparert sæd i åra før innflytting for å få flest mogleg kvigekalvar - leige eit tomt fjøs for å oppdrette kvigene dersom du ikkje har plass sjølv - kutte ut oppdrett av oksar i åra fram mot innflytting slik at du får frigjort plass til meir kvigeoppdrett, dersom du har okseoppdrett i dag |
Planlegg nok påsett også framover |
• I innflyttingsåret kjem det òg til å gå ut kyr av ulike årsaker. Både blant dei du aukar kutalet med og i den eksisterande besetninga. Du må erstatte desse for å fylle kvoten. Det betyr at du må ha meir kviger og kyr i løpet av det fyrste året, enn bare dei du treng for å fylle opp fjøset ved innflyttinga. • For å få nok kviger til å erstatte utrangering av kyr dei fyrste 1-2 åra treng du påfyll av fleire kvigekalvar og unge kviger enn du har tilgjengeleg frå den gamle buskapen din. Vurdèr å: - fortsette med bruk av kjønnsseparert sæd for å få meir kvigekalvar - kjøpe inn kvigekalvar og unge kviger som du fyller opp eige fjøs med, dersom ledig fjøskapasitet - inngå avtale om kjøp av kalveferdige kviger for år 1-2 etter innflytting |
Innsett frå beite |
Planlegg fjøsbygginga og ta i bruk fjøset slik at du kan sette inn kyrne og kvigene rett frå beite. Då er dyra i betre kondisjon, det blir mindre problem med klauver, og det er rangordning i flokken. |
Bygget ferdig før innflytting |
Alt støyande byggearbeid skal vera ferdig før innflytting. Byggearbeid forstyrrar dyra og drifta. Det tek bort fokus frå ein god oppstart både for deg som driftsleiar og for dine produserande medarbeidarar som skal gje deg mjølk og inntening. |
Gå gjennom buskapen før innflytting |
Kyr som ikkje kjem til å kunne fungere i nytt fjøs bør gå ut før innflytting, for å unngå problem, meirarbeid og frustrasjon. I lausdriftsfjøs skal kyrne gå over alt, for å bli mjølka, for å ete, for å legge seg. Kyr med dårlege bein må difor bort. I robotfjøs er jurform avgjerande. Snakk med rådgjevar eller andre gardbrukarar om kva kyr som bør slaktast. |
Oppstarten – ver utkvilt og spør om hjelp |
Du sjølv må ikkje vera utsliten når nytt fjøs skal køyrast i gang. Sørg for å få deg nok kvile og overskot før du startar innflyttinga. Du må ha kapasitet og tolmod til å lære opp forvirra vanedyr i mykje nytt, utan at lunta di blir kort. Få med deg mannskap til å hjelpe og avlaste deg dei fyrste vekene. Ikkje gå med alt aleine over lengre tid i oppstarten. Få med erfarne lausdriftsbønder i oppstarten til å hjelpe og lære av. Spør om dei kan kikke innom att om 1-2 veker, då kan du spørje og lære endå meir av dei |
Tilvenning |
La dyra venje seg til og utforske det nye fjøset gradvis ved å fôre dei og la dei ligge i liggebåsane, medan dei blir mjølka i det gamle fjøset. Aktuelt der det er praktisk gjennomførbart. |
Innflytting i fjøset i puljer |
Flytt kyrne inn i nytt fjøs i puljer, slik at både du og kyrne får lære dykk til fjøset i ro og mak. Du kan lettare fylgje opp kvart enkelt dyr og sjå at dei finn ut av systemet. Bruk gjerne 5-7 dagar før neste pulje kjem inn. |
Tidleg innflytting av kviger |
Kviger bør slusast inn i fjøset 3-4 veker før kalving, slik at dei kan lære å gå gjennom robot/mjølkegrav og venje seg til kraftfôrautomatane før kalvinga. Då vil det einaste nye etter kalving vera mjølkinga. Slik sparer du arbeid. |
Utranger kyr som ikkje fungerer |
Fjern kyr som ikkje tilpassar seg eller lagar for mykje arbeid i fjøset, etter relativt kort tid. Dei vil gje lite flyt i arbeidsdagen. |
Lær opp i bruk av kraftfôr-automater |
Ved bruk av kraftfôrautomatar må kyrne lærast opp til at det er der dei får kraftfôr. Pass på at kyrne finn ut av korleis automatane fungerer, og følg nøye med på rapportane om besøk i automaten. For at kyrne skal få nok kraftfôr den første veka, kan det vera nødvendig å gje ein grunnrasjon med kraftfôr på fôrbrettet, dersom dei ikkje får kraftfôr i mjølkegrav/robot. Slik unngår du stort fall i ytinga. |
Tett golv og gjødselskrape |
Ved tett golv og skrape i gangareala bør gjødselskrapa gå kontinuerleg dei fyrste vekene. Dette slik at ingen dyr får ro til å legge seg i gangareala, men at dei finn fram til liggebåsane. |
Nye rutinar |
Bruk dei fyrste månadane til å lage nye rutinar og finne ut korleis du skal drifte det nye fjøset. Bruk tid på å finne den mest optimale måten å gjere arbeidet på, ikkje ver redd for å prøve forskjellige måtar. Spør andre korleis dei har lagt opp arbeidet. |