Analyse av kjørekostnader i mjølkeproduksjon
Pris på leigejorda er avgjerande for om mjølkeprodusenten bør kjøre langt eller kort, det vil seie leige jord i nærleiken eller leige jord lenger vekk.
Signe.Kaarstad@nibio.no
Torbjørn Haukås og Agnar Hegrenes
NIBIO
Mange bønder har teigar som ligg langt unna driftssenteret på garden. Transport av grovfôr og husdyrgjødsel langs etter vegen vert meir utbreidd etter kvart som driftseiningane vert større. Det er store kostnader knytt til denne transporten, men det kan likevel løne seg for bonden å kjøre eit stykke samanlikna med å leige dyrt areal i nabolaget. Dette viser resultat frå prosjektet «Analyse av kjørekostnader i mjølkeproduksjonen - Ei samanlikning av kjøring langs vegen ved grovfôrhausting og spreiing av husdyrgjødsel i to bygder». Om det lønar seg for bonden å leige jord langt vekk frå driftssenteret på garden, avheng likevel av alternativa.
Leigejord påverkar kjøremønstret
Behovet for større arealgrunnlag er ei utfordring i jordbruket, og det blir meir vanleg med leigejord. Kvar denne leigejorda er, påverkar kjøremønsteret i jordbruket, og situasjonar med traktorkjøring på kryss og tvers i bygda kan oppstå. Omfanget av kjøring langs veg med grovfôr og husdyrgjødsel og kva denne transporten kostar, er undersøkt i to bygder på Vestlandet, i ei bygd i Klepp kommune i Rogaland med 35 mjølkebruk og i ei bygd i Kvinnherad kommune i Hordaland med 15 mjølkebruk.
Dei to Vestlandsbygdene er valde for å få fram om distriktsjordbruket i bygda i Kvinnherad skil seg frå tilhøva på Jæren. Vi meiner bygdene er representative for andre bygder på Vestlandet. Bruk med mjølkeproduksjon i det midtre sjiktet (median) i Klepp har fleire mjølkekyr, større disponibelt areal og meir husdyrgjødsel enn mjølkebruk i Kvinnherad. Vidare varierer kjørelengda til mjølkebruk i større grad i Klepp enn i Kvinnherad.
Eksempel 2: 50 dekar leigd jord |
Avstand i kilometer (km), ein veg |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
2 km |
3 km |
4 km |
5 km |
7 km |
8 km |
10 km |
|
Kostnad1), tur-retur |
104 |
155 |
207 |
259 |
362 |
414 |
518 |
Tal turar |
42 |
42 |
42 |
42 |
42 |
42 |
42 |
Kostnad totalt for kjøring |
4 350 |
6 524 |
8 699 |
10 874 |
15 223 |
17 398 |
21 748 |
Samla kostnad for kjøring og leigejord | |||||||
Leigepris | |||||||
kr 400 per dekar |
24 350 |
26 524 |
28 699 |
30 874 |
35 223 |
37 398 |
41 748 |
kr 500 per dekar |
29 350 |
31 524 |
33 699 |
35 874 |
40 223 |
42 398 |
46 748 |
kr 600 per dekar |
34 350 |
36 524 |
38 699 |
40 874 |
45 223 |
47 398 |
51 748 |
kr 700 per dekar |
39 350 |
41 524 |
43 699 |
45 874 |
50 223 |
52 398 |
56 748 |
1) Kr 25,89 per kilometer (gjennomsnitt frå bygda i Klepp)
Eksempel 1: 30 dekar leigd jord |
Avstand i kilometer (km), ein veg |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 km |
2 km |
4 km |
5 km |
7 km |
8 km |
10 km |
|
Kostnad1), tur-retur |
48 |
95 |
190 |
238 |
333 |
380 |
475 |
Tal turar |
27 |
27 |
27 |
27 |
27 |
27 |
27 |
Kostnad totalt for kjøring |
1 283 |
2 565 |
5 130 |
6 413 |
8 978 |
10 260 |
12 825 |
Samla kostnad for kjøring og leigejord | |||||||
Leigepris | |||||||
kr 0 per dekar |
1 283 |
2 565 |
5 130 |
6 413 |
8 978 |
10 260 |
12 825 |
kr 100 per dekar |
4 283 |
5 565 |
8 130 |
9 413 |
11 978 |
13 260 |
15 825 |
kr 200 per dekar |
7 283 |
8 565 |
11 130 |
12 413 |
14 978 |
16 260 |
18 825 |
kr 300 per dekar |
10 283 |
11 565 |
14 130 |
15 413 |
17 978 |
19 260 |
21 825 |
kr 400 per dekar |
13 283 |
14 565 |
17 130 |
18 413 |
20 978 |
22 260 |
24 825 |
kr 500 per dekar |
16 283 |
17 565 |
20 130 |
21 413 |
23 978 |
25 260 |
27 825 |
1) Kr 23,75 per kilometer (gjennomsnitt frå bygda i Kvinnherad)
Transportkostnad på same nivå
Trass i skilnader mellom dei to bygdene, viser utrekningar at kostnad knytt til kjøring langs veg ligg omtrent på same nivå i dei to bygdene. I Klepp er kostnaden for transport av gjødsel langs veg utrekna til kr 29,77 per kilometer, medan kostnad for transport av grovfôr ligg på kr 22,85 per kilometer. I gjennomsnitt ligg samla kostnad for transport av grovfôr og husdyrgjødsel i Klepp på kr 25,89 per kilometer. For Kvinnherad er tilsvarande kr 24,84 per kilometer for transport av gjødsel og kr 21,61 per kilometer for transport av grovfôr. Desse kostnadene omfattar kostnader til traktor, gjødselvogn, tilhengar og arbeid. Vi har gått ut frå ein traktor på 100 kW i Klepp og 90 kW i Kvinnherad. Det er dessutan gjort føresetnader om mellom anna kjørefart, storleik på gjødselvogn og tilhengar, drivstofforbruk per time og prisar på utstyr og arbeid. Slik vi har rekna, er alle kostnader eigentleg oppfatta å variere direkte med kor langt ein kjører kvart år. Spesielt for avskrivingar, men også forsikring og nokre mindre kostnader, treng ikkje dette alltid vere tilfelle. Vi har og gått ut frå at det er brukt like mykje husdyrgjødsel per dekar og hausta like store avlingar per dekar på alt areal uavhengig av avstand til driftssenter.
Redusert kjørelengd gjev vinst
Det er mogleg å hente ut enkelte gevinstar knytt til drivstoffbruk og tidsbruk ved å redusere kjørelengda i områda. Til dømes kan ein mjølkeprodusent i Klepp, som i utgangspunktet kjører 1 190 km langs vegen per år, redusere drivstoffkostnaden med kr 1 330 og tidbruken med 8 timar dersom kjørelengda vert redusert med 20 prosent. I Kvinnherad kan ein mjølkeprodusent, som i utgangspunktet kjører 1 400 km per år, redusere drivstoffkostnaden med kr 1 393 og tidbruken med vel 9 timar dersom kjørelengda vert redusert med 20 prosent. Om det let seg gjere å redusere kjørelengda langs vegen i praksis, er likevel ikkje undersøkt i prosjektet.
Pris på leigejord avgjerande for økonomien
Kor vidt det løner seg for bonden å kjøre langt eller kort, avheng i stor grad av alternativa. Pris på leigejorda spelar ei viktig rolle for å kunne avgjere om mjølkeprodusenten bør kjøre langt eller kort, det vil seie leige jord i nærleiken eller leige jord lenger vekk. Tabell 1 og 2 syner samla kostnad for kjøring til og frå driftssenteret for ulike avstandar, gitt at avskrivingar, rentekrav og forsikring ver redusert proporsjonalt med kjørelengde.
Dersom ein bonde, med same kostnader og føresetnader som eit bruk i bygda i Kvinnherad, leiger 30 dekar jord gratis 10 km lenger frå driftssenteret, vil dette gi ein kjørekostnad på kr 12 825. I dette tilfellet vil det løne seg å betale inntil kr 300 per dekar for jord som ligg 1 til 2 kilometer frå driftssenteret, kr 200 per dekar for jord som ligg 4 til 5 kilometer frå driftssenteret og kr 100 per dekar for jord som ligg 5 til 7 kilometer frå driftssenteret. Det vil derimot ikkje løne seg for bonden med gratisjorda 10 km lenger vekk å betale kr 400 eller meir per dekar for jord som ligg 1-2 km frå driftssenteret. Dette enkle resonnementet syner derfor at kor vidt det løner seg for bonden å kjøre langt eller kort, avheng av leigeprisen i område.
Tabell 2 gjeld eit bruk med føresetnader som for bygda i Klepp. Det er berre sett på leigeprisar på minst kr 400 per dekar. Tabellen viser mellom anna at det er meir lønsamt å betale inntil om lag kr 700 per dekar for jord som ligg 3 km frå bruket enn 400 kroner per dekar for jord som ligg 10 km frå bruket.
42 kr per dekar og kilometer
Med dei føresetnadene som er nytta i desse utrekningane, er kjørekostnadene omtrent kr 42 per dekar og kilometer. Dette vil seie at for kvar kilometer avstanden mellom driftssenter og leigeareal aukar, minkar den maksimale leigeprisen med omtrent kr 42 per dekar. Med maksimal leigepris meiner vi den prisen som gjer det like lønsamt å leige jord uavhengig av avstand.
Ofte vil det ikkje vere ledig grovfôrareal nær driftssenteret på bruket. Då vil det vere nyttig for bonden å vurdere kjørekostnader opp mot kjøp av grovfôr eller avgrense produksjonen til arealgrunnlaget innafor rimeleg kjøreavstand.
Bygda i Klepp:
35 mjølkebruk
32 mjølkekyr for medianbruket
370 daa disponibelt areal for medianbruket
41 730 km kjøring langs veg totalt for bygda
22,85 kr per km for transport av grovfôr
29,77 kr per km for transport av husdyrgjødsel
1 080 000 kr for transport av grovfôr og husdyrgjødsel i bygda
Bygda i Kvinnherad:
15 mjølkebruk
24 mjølkekyr for medianbruket
270 daa disponibelt areal for medianbruket
21 040 km kjøring langs veg totalt for bygda
21,61 kr per km for transport av grovfôr
24,84 kr per km for transport av husdyrgjødsel
500 000 kr for transport av grovfôr og husdyrgjødsel i bygda
Føresetnader for resultata
Resultata frå prosjektet er basert på bestemte føresetnader, og desse føresetnadane er igjen førande for resultata. For informasjon om resultat, metode og føresetnader som ligg til grunn, sjå NIBIO-rapport Vol 1 No 9 «Analyse av kjørekostnader i mjølkeproduksjonen- Ei samanlikning av kjøring langs vegen ved grovfôrhausting og spreiing av husdyrgjødsel i to bygder», av Signe Kårstad, Torbjørn Haukås og Agnar Hegrenes på heimesida til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Prosjektet er utført for Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane og bondelaga i Rogaland og Møre og Romsdal. Arbeidet er finansiert av Regionalt forskingsfond for Vestlandet og Fylkesmennene i vestlandsfylka.